LOGG INN

Nytt frå frivilligsentralen

  • Lik oss på facebook

Vi har laga oss ei ny facebookside. Gå inn og lik oss for å holde deg oppdatert om aktivitetane våre: https://www.facebook.com/JolsterFrivilligsentral

  • Nye opningstider, ny e-postadresse og nytt telefonnummer

Her er det mykje nytt på ein gong og vi beklagar ulempa det måtte medføre. Opningstidene er no mandag til fredag 10.00 til 14.00, men besøksadressa er den same som før: i bankbygget på Skei. 

Den nye e-postadressa vår er post@jolster.frivilligsentral.no og det nye telefonnummeret er 952 42 444.

Eg kjem til å være ein del ute av kontoret no i oppstarten, så dersom det er vanskelig å treffe meg så ring eller send ein e-post for å avtale eit møte!

 

  • Ny dagleg leiar i frivilligsentralen 

Frå mai 2013 tok Rakel Apneseth over som dagleg leiar i frivilligsentralen for Mona Solvang som er i permisjon. Rakel er fødd og oppvaksen i Svidalen på Jølster, men har i perioden 1998-2011 budd m.a i Tsjekkia, Vietnam og Bergen. Der har ho studert, jobba og skaffa seg nyttig livserfaring før ho valde å flytte heim til Jølster med mann og to små born. 

Rakel ser fram til å arbeide i frivilligsentralen og ser det som si viktigaste oppgåve å legge til rette og prøve å gjere det lettare å vere frivillig på Jølster. Ho vert glad om nettopp DU kjem innom kontoret for å slå av ein prat og verte kjend med henne!
 

  • Jølster seniornett

        Tema for møter våren 2013:

  1. Filbehandling og arkiv, legge filer ved mail m.m.
  2. Google translate, oversette frå norsk til engelsk
  3. Regneark
  4. Meir om fotobehandling og Picasa
  5. Slektsgransking på nett
  6. Nettshopping med kort
  7. Korleis sjå på tv på nett
  8. Sosiale medier

Alle møter blir annonsert på Origo og "Det skjer"-sida i Firda

 

  • Liste over frivillige lag og organisasjonar

Arbeidet med å oppdatere lista over lag og organisasjonar, som ligg ute på kommunens nettside, kjem i gang når det er sesong for årsmøter. Nyvalgde leiarar og kontaktpersonar må registrerast.
Vi blir umåteleg glade om de sender informasjon til post@jolster.frivilligsentral.no


  • Vil du vere med å starte sjølvhjelpsgrupper?

Ei sjølvhjelpsgruppe kan bestå av folk med alle slags problem. Einaste kravet til deltakarane er at dei har eit erkjent problem som dei ønsker å gjer noko med.
Frivilligsentralen er tilmeldingspunkt for Sjølvhjelp Norge. Vi kan skaffe informasjone og vere behjelpelige med å starte sjølvhjelpsgrupper.
12.11.12

 


mationtofr
Antall: 57

Kopirett © 2014 JØLSTER Frivilligsentral

Finn din sentral